annonse

Buss for tog på Vossebanen

VOSSEBANEN: Frå natt til torsdag 15. mars og fram til natt til måndag 19. mars, skal det føregå arbeid på jernbanen mellom Voss og Bergen. Det gjer at toga vert stogga og NSB køyrer buss for tog medan arbeidet går føre seg. Toga stansast og NSB køyrer buss for tog mens arbeidet held på. Mellom arbeidet som skal gjerast er kontroll av kontaktleidninga mellom Bolstad og Vaksdal. I tillegg skal naudljosanlegget i fleire av tunellane på Vossebanen testast. Sjølv om den vanlege togtrafikken er innstilt, minner Bane Nor om at det kan koma arbeidstog på sporet når som helst.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.