annonse

Deltok på Fjord-O

ORIENTERING: Fleire løparar frå Voss IL deltok i orienteringsløpet Fjord-O, som føregjekk 4.–8. juli. Fjord-O er eit orienteringsstemne med fire løp fordelte på fem dagar. Dei to fyrste løpa gjekk i Skudeneshavn og dei to siste gjekk på Seljestad i Odda. I klasse D-10 deltok Rannveig Elisa Een, i klasse D 17-C deltok Tone Handegård og Ann Merete Handegård, i klasse H 17-B deltok Lars Andreas Een og i klasse H 50 deltok Harald Hatland. Alle representerer Voss IL. Arrangøren fortel at det vart problem med tidtakarsystemet siste dagen, så samanlagtresultata er ikkje komne enno.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.