annonse

Diesel-lekkasje på Mjølfjell

MJØLFJELL: Klokka 13.40 tysdag fekk Voss brannvern melding om ein diesellekkasje på jernbanesporet mellom Mjølfjell og Reimegrend. – Det er ei arbeidsmaskin som har fått ein lekkasje, og det har kome diesel på ein strekning på fire kilometer, seier Geir Ove Pedersen i brannvernet. Han fortel at situasjonen er under kontroll. – Me rykkjer ikkje ut på dette, men har kontakt med Bane Nor om noko skulle utvikla seg, seier han. Ei stund seinare vart det konstatert at det er sleppt ut 240 liter hydraulikkolje over ei strekning på omkring 4 km. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.