annonse

Dobbeltsiger til Eivor i Røldal

LANGRENN: Eivor Vestrheim Skjerven, Bulken, var raskaste kvinne under Røldalsrennet laurdag 30. desember. Dermed tok ho sin andre siger i Røldal på få dagar, då ho også vann sin klasse i Jularennet nokre dagar før. Herreklassen laurdag vart vunnen av heimefavoritten Gaute Kvåle. Fleire vossingar tok klassesiger laurdag: Sindre Hydle, Viljar (menn 18), Stian Klette, Viljar (menn 17), Ingeborg Senderud Wæhle, Voss (kvinner 17), Maria Hydle, Viljar (jenter 16), Amalie Galaaen Røthe, Voss (jenter 14) og Ane Sofie Galaaen Røthe, Voss (jenter 11).

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.