annonse

Eidfjord Mini-triathlon avlyst

EIDFJORD: – Me fekk diverre ikkje med oss nok folk i år til å vera med og planleggja og organisera arrangementet, seier Ole Johnny Odland i Eidfjord IL. Arrangementet skulle eigentleg vore arrangert helga 3.–5. august. Eidfjord Mini Triathlon har dei same øvingane som ein ordinær triatlon, det vil seia fyrst symjing, så sykling og til slutt springing, Men distansane i denne konkurransen er om lag ein tiandedel eller mindre av ein ordinær triatlon: 400 m symjing, 20 km sykling og 4 km springing.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.