annonse

Ektepar køyrd ned av taxi

GRAN CANARIA: Eit ektepar frå Voss vart påkøyrt av ein taxi i Arguineguin på Gran Canaria 26. januar. Dei skulle kryssa ein fotgjengarovergang då dei vart trefte av ein taxi i stor fart som ikkje greidde å stogga. – Eg har brest i eit ribbein og eit skikkeleg kjøtsår på venstre olboge, medan kona har to brot i venstre legg som må opererast, seier mannen som var involvert i ulukka til Hordaland. Onsdag vart kona send med ambulansefly til Noreg for operasjon, medan han vart send med rutefly heim. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.