annonse

Eldrerådet ute or soga

VOSS: Utan debatt, samla kommunestyret seg torsdag bak Eldrerådet på Voss sitt ynskje om å skifta namn til «Seniorråd». – Mykje tyder på at heile kommunestyret støttar framlegget, sa ordførar Hans-Erik Ringkjøb då han noterte seg at ingen bad om ordet i saka. – Då er det berre å seia at eldrerådet er blitt seniorråd, konstaterte han, og let klubba falla. Bakgrunnen for namneendringa ligg i eit vedtak eldrerådet sjølv gjorde i sommar, med ynskje om namneendring. Grunngjevinga er at rådet sjølv meiner nemninga seniorråd vil fanga heile gruppa frå 60 år og oppover i større grad enn det opphavlege namnet gjorde.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.