annonse

Etterlyser skilt i Raundalen

VOSS: Mange av vegane i Raundalen har ikkje fått skilt som viser kva vegane heiter. No etterlyser Nanna Nordahl skilta, og spør når dei kjem. – Kolvesvegen, Fagnastølsvegen, Beresvegen og sannsynlegvis endå fleire lenger ute i dalen har ikkje skilt. Det byrjar å verta ei stund sidan dei kommunale vegane fekk vegnamn, opplyser ho i brev til kommunen. – På Nedre Reime er det kome opp skilt, visstnok etter at ambulanse hadde problem å finna fram, legg ho til.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.