annonse

Evakuerte etter gasslukt

VOSS: Onsdag klokka 09.10 melde 110-sentralen på Twitter at brannvesenet hadde rykt ut til Skulestadvegen, etter melding om gasslukt frå ei gassflaske utanfor ein bustad. Politiet var òg på staden. – Me kom fram og fann flaska, brukte måleutstyr og avdekkja på det tidspunktet ingen lekkasje, seier varabrannsjef Geir Ove Pedersen til Hordaland. Han fortel at bebuarane gjorde heilt rett i å ringa naudsentralen då dei kjende gasslukt. Dei fekk beskjed om å evakuera seg sjølv frå bustaden. – Me avslutta etter kvart på staden og tok gassflaska med oss, seier Pedersen. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.