annonse

Får ikkje seia nei til vind-møller

HORDALAND: Onsdag hindra Høgre og Frp fylkestinget i å krevja nei til vindmøller i Stølsheimen sør for Sognefjorden. Dette melder NRK Hordaland på radio torsdag morgon. NVE har sett frist til 20. oktober. Det tyder at politikarane i Hordaland no ikkje rekk å seia sitt før fristen. Gruppeleiar i Hordaland Frp Terje Søviknes seier til NRK Hordaland at det er politikarane si eiga feil at dei ikkje har utgreidd saka godt nok. – Toget går no. Det er heilt uaktuelt å byggja ut dette området for vindkraft, seier Beate Husa i KrF til NRK Hordaland.


 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.