annonse

Får nytta snøskuter på Hardinglaup

MKU: Administrasjonen går inn for å gje Bygdagnist AS løyve til å nytta inntil seks snøskuterar i beredskap under Hardinglaup Øystese-Voss 2018, laurdag 17. mars. Løyvet gjeld køyring frå Kvam grense til Hindartveit og under føresetnad av at køyringa vert avgrensa til naudsynt transport/beredskap. Reinsdyr i området må heller ikkje uroast. I tillegg til løyvet under sjølve løpet, får Bygdagnist også løyve til å nytta inntil to skuterar denne veka og neste for å vurdera terreng og føre før løpet. Utval for miljø og kultur fattar vedtak i saka på møtet i dag.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.