annonse

Festtraktor bortvist

VOSS: Natt til fredag og natt til laurdag måtte politiet visa bort ein traktor med tilhengjar som køyrde rundt i gatene i Voss sentrum. Politifyrstebetjent Håvard Skattum opplyser til Hordaland at hengjaren var innreidd som «ein festplass», med sitjeplassar og bord. Det var også folk om bord i hengjaren medan køyringa fann stad. – Me granskar denne saka no, for å finna ut kva reglar som gjeld for å ha folk i hengjaren under fart. I tillegg er det slik at all køyring skal ha eit fornuftig siktemål. Å ragga rundt i sentrum, tilsynelatande utan mål og meining utanom det å festa, er ikkje eit sikte­mål politiet finn meiningsfullt. Me har då høve til å visa traktoren bort, på same vis som med råning, opp­lyser Skattum.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.