annonse

Fleire køyrde utfor i helga

VOSS: Klokka 10.11 laurdag morgon køyrde ein varebil med tilhengjar utfor vegen på E16 ved Haugsvik. Føraren verka uskadd, men politi køyrde til staden for å undersøkja. Det vart òg meldt om fleire utforkøyringar fredag kveld, og då var det særs glatte vegar i distriktet. Fyrst hamna ein bil på taket ved Mørkve på Vossestrand. To personar var i bilen, og ein av dei vart lettare skadd. Ikkje lenge etter køyrde to bilar av vegen, også det i Myrkdalen. Ein av dei hamna på taket og ein «på halv åtte», skriv Vest politidistrikt på Twitter. Det vart ikkje meldt om personskade, og strøbil vart sendt til området. Litt seinare køyrde ein bil av rv. 7 ved Sysenvatnet i Eidfjord, der to personar fekk lettare skadar.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.