annonse

Fleire toalett langs vegane

HARDANGERVIDDA: Til sommaren kjem det fleire nye toalett og rasteplassar langs dei nasjonale turistvegane i landet. Utsiktspunktet Stegastein ved Aurlandsfjellet og Steinsdalsfossen i Norheimsund er nokre av dei stadene som skal få oppgradert sanitæranlegg. Regjeringa har i Nasjonal transportplan for 2018–2019 lagt opp til gjennomføring av 46 nye tiltak langs Nasjonale turistvegar innan 2023. Tiltaka vert finansiert delvis i samarbeid med fylkeskommunar og kommunar.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.