annonse

Flott prestasjon på Hordablæsten

MUSIKK: Kornettisten Hedvig Mjånes Styve tok ein flott sjuandeplass i klassen for solistar fødde i 2007 under Hordablæsten i Grieghallen i helga. Nivået var skyhøgt i alle klassar. Hedvig fekk 91 poeng av 100 oppnåelege. Vinnaren i klassen, Xixi Luo, fekk 97 poeng. Det var berre eitt poeng som skilde kvar av plassane nedover, så det var detaljar som avgjorde poeng og plassering. Styve Mjånes er frå Evanger, men representerer Voss Skulemusikk.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.