annonse

Folkemøte om K5 i mai

DALE: I samband med at planprogrammet for K5-prosjektet skal ut på høyring, er det også tillyst folkemøte på Arna, Trengereid, Vaksdal og Stanghelle. Alle desse stadane kjem til å merka endringane som ny veg og bane vil føra med seg. – Eg har fått kjennskap til at folkemøta skal vera i mai, fortel ordførar Eirik Haga. Det er Statens vegvesen og Bane Nor som arrangerer folkemøta, og på Vaksdal og Stanghelle skal dei vera i slutten av mai. – Nærare bestemt 23. mai på Vaksdal og dagen etter på Stanghelle, opplyser Haga.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.