annonse

Garden vil gå drill på Voss

JUBILEUM: I år er det «musikkorpsenes år», og samstundes feirar Noregs musikkorps Forbund sitt 100-årsjubileum. Jubileet skal mellom anna markerast med Landsfestival i Bergen, i dagane 28. juni til 1. juli. Mellom dei som skal delta på festivalen er Hans Majestets Kongens Garde, og i den samanhengen har arrangørane teke kontakt med Voss kommune og lufta eit ynskje frå Garden sit drillkorps om å få koma til Voss og gå drill. Den aktuelle datoen er fredag 29. juni. Det er midt under innspurten av Ekstremsportveko, og kva skulle vel høva betre enn ei ekstrem oppvising i presisjon og motorisk dugleik midt på Vangen? Garden tilbyr både drill på avgrensa område, gatedrill og ein konsert, og ber om ei rask avklaring.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.