annonse

Ha piggane ute

TRAFIKK: – Det er framleis vinter i store delar av landet, så vurder å la piggdekka vera på bilen inntil våren har teke skikkeleg grep, seier Nils Sødal, kommunikasjonsrådgjevar i NAF. Ser ein bort frå vêrtilhøva, er det normalt sett påsken som styrer når piggdekka må av i Sør- og Midt-Noreg. Det skal gjerast fyrste måndagen etter 2. påskedag, mens det er 1. mai som er datoen i dei tre nordlegaste fylka. Nils Sødal seier at det uansett er viktig å vera skodd etter forholda. – Er det framleis vinterføre der du ferdast, må piggdekka stå på, seier Sødal. Datoane gjeld berre for bilar med piggdekk og når vêret tillèt det, piggfritt tek ein av når ein ynskjer det. – Planlegg du ein tur til fjells i april, er det lurt å venta med hjulskiftet. Det er ikkje forsvarleg å køyra med sommardekk til fjells no.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.