annonse

Hadde kontroll ved Kvåle

VOSS: Onsdag hadde Statens vegvesen trafikkontroll ved Kvåle, der dei hovudsakleg kontrollerte tyngre køyretøy, men òg nokon personbilar. Av køyretøya som vart stogga vart 13 av desse vald ut til nærare kontroll. Eit køyretøy fekk bruksforbod grunna dårleg sikring av last, og eit fekk bruksforbod grunna gjenstandar i frontruta som hindra sikt. Ein sjåfør vart politimeldt for brot på pålagde vekekviler. Vidare fekk eit køyretøy tekniske manglar grunna dårlege bremseskiver, eit fekk krav om å fjerna brøyteplate medan eit anna køyretøy hadde feil med bremseljosa. Ein personbilførar fekk til slutt 1000 kroner i bot for å køyra med piggdekk.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.