annonse

Har avhøyrt fleire etter valdssak

VOSS: Politiet har avhøyrt fleire vitne etter at ein eldre mann vart utsett for vald på Vangen fredag. Valdshendinga skal ha skjedd ved gangfeltet i Uttrågata mellom Elvegata og Brukiosken, like før klokka 14.30 fredag. Lensmann Robert Veseth fortel at ein person er sikta for kroppskrenking etter hendinga. – Det har vorte avhøyrt fleire vitne i løpet av helga, og elles skal me gjera fleire avhøyr, seier Veseth, som per no ikkje kan gå i detaljar på kva som har kome fram i vitneavhøyra.