annonse

Helgestengt mellom Hovland og Lofthus

ULLENSVANG: Strekninga mellom Hovland og Lofthus på rv. 13 i Ullensvang vert stengt heile helga grunna vegarbeid. Det vert båt for passasjertrafikk mellom Børve og Lofthus. Vegen opnar att måndag morgon klokka 05.00. Då er det tilbake til periodar med stengingar til bestemte tider på dagtid, samt manuell dirigering på kveldstid og nattestengt elles. Meir informasjon finn du på Statens vegvesen sine heimesider.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.