annonse

Hellesnes ny leiar i Ulvik IL

ULVIK: Mona H. Hellesnes er på årsmøte valt til ny leiar i Ulvik IL. Laget som har 400 medlemer vert leia av eit hovudstyre der også Jenny Johnsen (leiar i trim, symje- og rekrutteringsgruppa) og Therese Jensen (leiar i skigruppa) er nye medlemer. Hovudstyret er elles samansett med Kyrre Manger Kvåle som nestleiar, Hallvar Opheim, kasserar, Hulda Run S. Thorbjørnsen, skrivar, Kristofer Hjeltnes (leiar i friidrettsgruppa) og Øystein Hide (leiar i fotballgruppa). Torkjell Børsheim er 1. vara til styret. Laget har også ei vedlikehaldsnemnd som er leia av Jon Olav Heggseth.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.