annonse

Hilde Fenne møter verdseliten

SKISKYTING: Hilde Fenne og dei andre norske toppløparane får god konkurranse i sesongopninga på Sjusjøen. Som vanleg opnar dei norske skiskyttarane sesongen på Sjusjøen. Dette skjer 17. til 19. november. Og i år er det tidenes beste startfelt på Sjusjøen. Hilde Fenne, Tiril Eckhoff og dei andre norske kvinnene møter m.a. Laura Dahlmeier, Tyskland, Marie Dorin Habert, Frankrike og Dorothea Wierer, Italia alt i sesongopninga. Også på herresida møter dei norsk topp motstand, med m.a. Martin Fourcade, Frankrike, Aton Shipuling, Russland og Simon Schempp, Tyskland på startstreken.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.