annonse

Hilde Fenne nr. 53 i Oberhof

SKISKYTING: Laurdag var det tid for 10 km jaktstart for kvinner i Oberhof, Tyskland. Hilde Fenne var mellom dei norske startande. Ho skaut fleire bom og vart til slutt nr. 53, +5:41,8 bak slovakiske Anastasiya Kuzmina som vann jaktstarten. Det vart ingen god dag for dei norske kvinnene, då beste norske vart Ingrid Landmark Tandrevold på 26. plass. I morgon, sundag, skal Hilde Fenne gå stafett i Oberhof. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.