annonse

Hilde Fenne nr. 56

SKISKYTING: Hilde Fenne frå Voss Skiskyttarlag enda torsdag på 56. plass i verdscupsprinten i tyske Oberhof. Fenne hadde til saman fire strafferundar, og kom i mål nesten to og eit halvt minutt bak bestetida. Det var Anastasiya Kuzmina, Slovakia, som vann framfor finske Kaisa Makarainen og tsjekkiske Veronica Vitkova. Det var ein svak norsk dag, der Ingrid Landmark Tandrevold vart beste norske på 33. plass. Verdscupen i Oberhof held fram med jaktstart og stafett.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.