annonse

Hilde Fenne til Finland

SKISKYTING: Hilde Fenne, Voss SSL, fekk ikkje gå renn under OL i Sør-Korea. Men ho er teken ut til verdscupen i Kontiolahti i Finland 5. til 11. mars. Fenne har gode minne frå den finske skidestinasjonen. Her vann ho gull under junior-VM for nokre sesongar sidan. Med i den norske kvinnetroppen er også dei fire som fekk gå i OL: Tiril Eckhoff, Marte Olsbu, Synnøve Solemdal og Ingrid Landmark Tandrevold.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.