annonse

Isblokker fall ned på E16

VOSS: Tysdag kveld klokka 23.22 hadde det falle isblokker i vegen på E16 like ved Evanger sentrum. – Me fekk melding og varsla vidare til Vegtrafikksentralen, som sende folk for å fjerna isen. Vegen vart kjapt rydda, seier Robert Veseth hjå Voss lensmannsdistrikt.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.