annonse

Kajakk på rek

VOSS: Klokka 20.17 tysdag kveld fekk politiet melding om ein kajakk som låg og flaut på Lønavatnet. – Me sende ut ein patrulje som fekk kajakken på land. Det er ikkje meldt om nokon sakna i området, så dette er nok berre ein kajakk som har slite seg laus, seier lensmann Robert Veseth. Kajakken var ikkje merka med namn på eigar, og ligg no på land i nærleiken av golfbana. – Dersom nokon saknar ein kajakk, kan dei ta kontakt med politiet, seier Veseth.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.