annonse

Kakefest på Stamnes

MUSIKK: Vaksdal barne- og ungdomskorps deltok i helga saman med Samnanger skulemusikk i 3. divisjon janitsjar på Hordablæsten. – Der vart det ein 3. plass med 91 poeng, fortel Terje Pedersen i korpset. I tillegg vann slagverkarane i samarbeidskorpset gruppeprisen, ein pris som vert tildelt den beste gruppa mellom alle korpsa som deltek i same divisjonen. – To av våre er mellom dei som utgjer slagverksgruppa, fortel Pedersen. Etter øvinga i går vart det feiring med kake og dommarkommentaropplesing, fortel Pedersen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.