annonse

Køyrde av vegen ved Bulken

VOSS: Laurdag klokka 09.50 fekk politiet melding om ei trafikkulukke ved Bulken, i nærleiken av Knoltatunnelen. – Ein bil hadde køyrd av vegen og inn i fjellveggen. Det var store materielle skadar, men sjåføren var meir eller mindre uskadd, seier Robert Veseth i politiet på Voss. Bilføraren fekk legesjekk på staden. Det var glatt vegbane i området då ulukka hendte.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.