annonse

Køyrde i 90 km/t i 50-sone

VOSS: I april vart ein mann i 30-åra teken for å køyra varebil i 90 km/t i ei 50-sone på Voss. Nyleg måtte han møta i Bergen tingrett, der han tilstod det som av retten vert sett på som eit grov fartsbrot. Han vart dømt til 18 dagar i fengsel med utsetjing på to års prøvetid. Vidare må han betala 11.000 kroner i bot og klara seg utan sertifikatet i ni månader. Mannen anka dommen grunna at han vart frådømt sertifikatet, noko han treng i jobben sin.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.