annonse

Krangla høglydt nær sentrum

VOSS: Rundt klokka 19.00 onsdag kveld fekk politiet melding om to karar som var ueinige nær Voss sentrum. Politiet køyrde til staden og fann dei to, som hadde krangla så høglydt at folk byrja reagera. – Det kan verka som den eine hadde gjort skadeverk på huset til den andre og at dei krangla om dette, men det er litt tidleg å seia. Politiet har hatt samtale med dei og oppretta sak, fortel Henning Hegbom i politiet på Voss. Ein av partane vart teken med til lensmannskontoret for vidare samtale.