annonse

Krasja i tunell på E16

VAKSDAL: Like før klokka 16.00 tysdag kolliderte ein bil med fjellveggen i Bogatunnelen på E16 ved Vaksdal. Naudetatane rykte ut til staden. – Det var ein person i bilen, og truleg har det gått bra med vedkomande, skriv Vest politidistrikt på Twitter. Tunellen var stengd ein times tid, før han opna igjen rett før klokka 17.00. Politiet dirigerte på staden medan bilberging heldt på. Føraren av bilen vart frakta til sjekk på legekontoret på Dale.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.