annonse

Kvar vart det av sykkel-parkeringa?

VOSS: Få dagar etter at Hordaland skreiv om den nye sykkelparkeringa ved Kiwi-butikken på Vangen, var den oransje innretninga forma som ein bil borte. Kvifor? – Fordi me vurderte det som feil å ha den ståande der vinterstid, med tanke på snørydding og den slags. Sykkelparkeringa vart difor fjerna, og sett på vinterlagring, opplyser byggjeleiar Eirik Røthe i Statens vegvesen. Røthe reknar likevel med at innretninga kjem opp att på same stad over påske neste år, når vinteren er forbi.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.