annonse

Lang cruise-sesong i Eidfjord

EIDFJORD: Det fyrste cruiseskipet dette året kjem til Eidfjord 2. april, og det siste sig ut fjorden 23. oktober. Med i alt 87 skipsanløp vil Eidfjord setja ny rekord dette året. 13 av desse vil ankra opp, fordi kaien er oppteken av eit anna skip. Eidfjord opererer elles med tak på passasjerar som kan gå i land per dag, for å gjera opphaldet i bygda til ei triveleg oppleving, melder Destinasjon Eidfjord. Det har elles lukkast å spreia anløpa utover sesongen, med fleire enn før i skuldersesongane. Kommunen er no med i eit prosjekt for å finna ein god metode for å avgjera i kva grad skipa ureinar omgjevnadene. Dette skal gje grunnlag for differensierte avgifter i hamna, slik at dei mest miljøvenlege cruiseskipa kan oppnå miljørabatt, melder destinasjonsselskapet.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.