annonse

Lov å grilla igjen

VOSS: Brannsjefen på Voss har oppheva forbodet mot bålbrenning og grilling. Dette vil seia at det vert lov å grilla under Voss Cup, er gladmeldinga som Voss kommune sender ut torsdag ettermiddag. Tekniske tenester har også oppheva forbodet mot bruk av vasspreiar og fylling av basseng for abonnentar knytte til Vossevangen vassverk.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.