annonse

Må i fengsel etter parykk-tjuveri

VOSS: Ein mann frå Hordaland vart nyleg dømt i Bergen tingrett for å ha brote seg inn i ein frisørsalong på Voss i februar 2016, der han stal 1000 kroner frå kassaapparatet og ein dameparykk til ein verdi av nesten 8000 kroner. Mannen vart òg dømt for fleire tilfelle av køyring i rus og utan gyldig førarkort. Ifylgje sakspapira har han aldri hatt førarrett og vart pålagt sperrefrist for alltid ved dom tilbake i 1998. Han vart vidare dømt for fleire tilfelle av bruk og rådvelde av narkotika som til dømes ecstasy, metamfetamin, heroin og narkotiske tablettar. Den tiltalte møtte ikkje i retten. Han vart dømt til seks månaders fengsel, i tillegg til at han må betala 17.000 kroner i bot eller sitja ytterlegare 15 dagar fengsla. Den domfelte må elles betala 2000 kroner i sakskostnadar. Mannen vart frifunnen for eit punkt om rådvelde av ei mindre mengde hasj.