annonse

Mann meldt for rusa køyring

VOSS: Tysdag kveld vart ein 48 år gammal mann stogga av politiet i Voss sentrum like før klokka 18.00. Mannen vart teken med til lensmannskontoret for test, og blåste til utslag. – Han vert meldt for køyring i alkoholpåverka tilstand, seier Håvard Skattum i politiet på Voss. Det var etter tips frå publikum at 48-åringen vart stogga.