annonse

Mann slegen ned på Voss

VOSS: Fredag kveld fekk politiet melding frå ein person som hadde blitt utsett for vald i Voss sentrum. – Ein mann i 20-åra hadde blitt slegen ned. Gjerningsmannen er kjent for politiet, men var ikkje på staden då politiet kom, fortel Robert Veseth hjå Voss lensmannsdistrikt. Mannen som vart slegen ned vurderer å politimelda saka. Han vart ikkje alvorleg skadd.