annonse

Mann teken for ruskøyring

VOSS: Klokka 04.00 natt til sundag vart ein mann busett på Voss stoppa av politiet, etter mistanke om ruskøyring. Det viste seg at mannen heller ikkje har gyldig førarkort. Politiet har oppretta sak for båe forholda. Mannen vart stoppa i Skulegata i Voss sentrum. Like før mannen vart stogga, hadde politiet promillekontroll i Strandavegen. – Seks bilførarar vart kontrollerte, med null utslag, seier Henning Hegbom i politiet på Voss.