annonse

Mann var aggressiv i sentrum

VOSS: Sundag kveld hamna ein mann i disputt med politiet i Vangsgata på Voss. Opptrinnet skjedde i 22-tida. – Han var utagerande og hissig, så politiet tok han med seg og køyrde han til fyllearresten i Bergen, fortel Henning Hegbom i politiet på Voss. Politiet måtte leggja mannen i bakken for å få kontroll på han. Hegbom opplyser at den omtala er ein vossing i slutten av 20-åra, som no vert politimeldt. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.