annonse

Mann vart slegen ned

VOSS: Natt til sundag klokka 02.24 fekk politiet melding frå ein person som ringde inn og sa han var blitt slegen ned i ein taxi, av ein annan passasjer. – Det er mest sannsynleg snakk om ein pirattaxi. Den slegne hadde fått eit stygt kutt og vart køyrd til legevakta. Utover det har me veldig lite opplysningar, då vedkomande var frå Bergensområdet og ikkje kjende til den som slo, seier Siri Tronerud Andersen hjå Voss lensmannsdistrikt.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.