annonse

«Mannen som kunne 75 språk» til Ulvik

FILM: 26. september er det Den europeiske språkdagen, noko Olav H. Hauge-senteret og Ulvik folkebibliotek skal samarbeida om å markera. Dei slipar til vising av filmen «Mannen som kunne 75 språk» i Heradsstyresalen på Hauge-senteret. Filmen er ein animert historisk dokumentar omspråkmannen og forfattaren Georg Sauerwein (1831–1904) frå Litauen. Sauerwein var rekna som eit stort språkgeni, og kunne som filmtittelen seier om lag 75 språk. Hauge-senteret skriv om Sauerwein: «Den fattige prestesonen frå Litauen vart i ung alder privatlærar for den rumenske prinsessa Elisabeth av Wied. Full av kjærleikssorg sette han alle sine krefter inn i ein kulturpolitisk kamp for å sikra minoritetar sin rett til å bruka sitt eige språk. Sauerwein meinte sjølv at menneska si sjel ligg i språket. Mister folk sitt morsmål mister dei samstundes si sjel. Sauerweins kamp for språkleg mangfald og språklege rettar var eit banebrytande arbeid i denne epoken av Europas historie». Den europeiske språkdagen har blitt markert kvart år sidan 2001, på initiativ frå Europarådet i Strasbourg.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.