annonse

Marcus på Team Berlin

FRIIDRETT: Marcus Thomsen er av Norges Friidrettsforbund teken ut til Team Berlin. Dette er ei utøvargruppe på nivået under Team Tokyo. Thomsen vann i år NM-gull senior og EM-gull (U20) i kule. – Dei som er tekne ut i Team Berlin, kan kvalifisera seg til Team Tokyo gjennom gode resultat i Berlin-EM 2018, seier toppidrettssjef Håvard Tjørhom. Det er ni utøvarar med i Team Berlin. I Team Tokyo er det 10 utøvarar som det vert satsa spesielt på fram til OL i Tokyo i 2020.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.