annonse

Mat, etikk og vigslar i FSK

VOSS: Formannskapet lyt truleg bu seg på ei lengre økt over dokumenta når dei i dag kjem saman i kommunestyresalen. Mellom anna står matrapporten på saklista, om korleis Voss kommune best skal kunna «ta heim» produksjon og levering av mat til institusjonar og eldre heimebuande. Kontrollutvalet sin rapport om etikk, varsling og verneteneste skal òg til drøfting, etter at kommunestyret underkjende rapporten og sende han nettopp til formannskapet for vidare drøfting. Flaumsikring hjå Nortura Evanger og kommunen sin kvartalsrapport er andre saker som skal opp, og ikkje minst skal formannskapet ha føre saka om vigslar i kommunal regi. Her er elles tilrådinga grei: både ordførar, varaordførar og rådmann bør få fullmakt til å utføra vigslar. Men same kven som får giftarmålet korrekt på plass, så skal seremonien føregå i Voss tinghus, i kommunestyresalen, lyder tilrådinga.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.