annonse

Mista lappen på Saue

Voss: UP hadde fartskontroll ved Saue i 16-tida torsdag, og her vart det skrive ut bøter til 18 bilistar som braut fartsgrensa i 60-sona. – Høgste fart vart målt til 86 km/t, og denne føraren mista sertifikatet, seier Henning Hegbom i politiet på Voss. Seinare på dagen flytta UP seg til Haugsvik, der 30 bilistar fekk bot for å køyra for fort i 60-sona. Fredag morgon hadde UP promillekontroll i Strandavegen, der 57 bilistar vart kontrollerte. Alle sjåførane blåste grønt.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.