annonse

Mykje stygg køyring

TRAFIKK: Politiet har fått fleire meldingar om stygg køyring på vegane i området. – Me vil gjerne oppmoda alle om å ta det med ro i trafikken, seier lensmann Robert Veseth hjå Voss lensmannsdistrikt. Det har kome meldingar om vinglete køyring, òg. – Det er mange turistar og liknande som likar å sjå på naturen når dei køyrer. Då blir det fort vinglete køyring, fortel Veseth. Det har ikkje vore nokon alvorlege hendingar på vegane i løpet av helga.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.