annonse

Nils T. Bjørke på ope møte

VOSS: Stortingsrepresentant Nils T. Bjørke kjem heim for å snakka samferdselspolitikk, og jernbane spesielt, i Voss kulturhus torsdag 15. februar. Det er Vaksdal og Voss Senterparti som inviterer til ope møte om samferdsel. Bjørke har med seg frå Stortinget, Transport- og kommunikasjonskomiteen og samferdslepolitisk talsperson for Senterpartiet, Ivar Odnes. Odnes vil snakka om Senterpartiet sin politikk, og partiet gjekk som kjent inn for realisering av K5 frå 2021. Sjølv vil Nils T. Bjørke orientera om kva nasjonale hordalandsprosjekt som vert prioritert i Stortinget. Kjell Næss, nestleiar i Norsk Jernbaneforbund som organiserer 15.000 medlemer, vil fortelja om moglege konsekvensar av at Bergensbanen vert privatisert og lagt ut på anbod i 2019. Dagleg leiar i Destinasjon Voss, Mona Hellesnes, vil seia noko om kva nye gondolen på Voss stasjon vil ha å seia for næringsutviklinga på Voss. Voss og Vaksdal Sp ynskjer alle som interesserer seg for nasjonal samferdselspolitikk velkomne.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.