annonse

Norovirus på Voss sjukeheim

VOSS: Det smittsame noroviruset har ramma Voss sjukeheim. – Det er smittsam magesjuke ved institusjonen, og me må avgrensa besøk til bebuarane, står det i eit skriv på sjukeheimen. Born kan ikkje koma på besøk fordi dei kan ha med seg smitte, eller bli smitta på institusjonen. Dei vaksne som har hatt oppkast eller diare kan ikkje koma på besøk før dei har vore frisk i minst 48 timar. Det er særleg 2. etasje på Voss sjukeheim som er smitta. Før påskeferien henta Hordaland Røde Kors ut fleire personar på Hardangervidda med same virus.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.