annonse

NVE tilrår overføring av bekker

ULVIK: NVE meiner at Statkraft bør få lov til å overføra vatnet frå to bekker på Osafjellet som dei kallar Våtekleivbekken Nord og Våtekleivbekken Syd. Når vatnet vert ført til Lang-Sima kraftverk, kan det gje 5,9 GWh kraft, med få negative konsekvensar, meiner NVE. Overføringa kan takast inn som ei endring av manøvreringsreglementet for Osa, Sima og Bjoreio. Overføringa føreset at det vert gjennomført avbøtande tiltak, ved ei minstevassføring som gjev eit gjennomsnitt på fire liter i sekundet gjennom sperredammane. Vatnet frå bekkene skal overførast til Floskefonnvatnet, som i sin tur renn ut i magasinet i Rundavatnet. Korkje Ulvik herad eller andre lokale interessentar har uttalt seg positivt til desse planane. Norddøla bør ikkje bør verta fråført meir vatn, av omsyn til gyte- og oppvekstområda for anadrom fisk, meiner dei. Heradet har dessutan vore misnøgd med regelverket for fordeling av kraftinntektene, som gjev størstedelen til kommunen der kraftverket ligg (dvs. Eidfjord), medan Ulvik får konsekvensane av naturinngrepa. Saka går no til avgjerd i Olje- og energidepartementet.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.